Korona-pandemien har lenge sett ein stoppar for dei tradisjonelle og årlege arrangementa med sankthansfeiring i dei ulike bygdene. Men før helga kom regjeringa med nye reglar som tredde i kraft på søndag.

For private arrangement på offentleg stad i leigde eller lånte lokale kan det no vera 100 personar både inne og ute.

(For offentlege arrangement inne kan det utan faste, tilviste plassar vera inntil 1.000 personar i kohortar på 500. Utandørs kan det vera inntil 2.000 personar i kohortar på 500).

Skal du og familien, eller til dømes bygdelaget, arrangera sankthansfeiring og brenna bål, blir vi veldig glade om du sender oss bilde slik at vi kan samla desse i ein bildeserie!

Send bilde til redaksjon@kvinnheringen.no, og beskriv kven som er på bildet og kor det er tatt.

Bildeserie

Sommar i kvinnherad: Sjå flotte lesarbilde her!