Natt til tysdag er det venta ekstremt høg vasstand.
Varselet gjeld for Vestlandet sør for Stad natt til tysdag, og det er estimert 80–100 centimeter høgare vasstand enn oppgjeve i tidevasstabellen.
Vasstanden vil vera høgst måndag kveld mellom 23.00 og 03.00, og meteorologane spår at vasstanden blir høgare enn under ekstremvêret Didrik i januar.
Men dårleg vêr kan gi gode motiv. Korleis merkar du den høge vasstanden? Vi vil veldig gjerne sjå lesarane sine bilde og videoar.
TIPS OSS:
– På e-post: redaksjon@kvinnheringen.no.
– Eller via Facebook-sida til Kvinnheringen.
Ta aldri unødige sjansar for å fanga eit godt bilde, og tenk samstundes på sikkerheita til dei rundt deg.