Med så nydeleg vêr som vi har for tida, ligg alt til rette for ein herleg ute-påske! Det blir neppe skiturar i låglandet, men dei som vågar seg høgt nok får nok trakka i snøen. Skal du grilla, ut på tur, leita etter påskeegg eller kosa deg med familien – knips bilde og send dei til oss! Vi vil samla bilda i ein bildeserie her på nettavisa, og i papiravisa neste veke.

Send bilda på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no, eller merk dei med #kvinnheringen på Instagram.
Hugs å få med fullt namn på personar på bildet og/eller kor bildet er teke og kven som er fotografen.