For første gong på to år kan Norge endeleg feira nasjonaldagen i kjent stil.

Kanskje har du gledd deg lenge og har store planar. Eller kanskje tar du det heilt piano.

Uansett; får du auge på noko i løpet av dagen som du tenker fortener å bli dokumentert, vil vi gjerne sjå det!

Det kan vera alt frå ei intens tautrekking. Eit fint køyretøy. Eit spennande sekkeløp, eit søtt kjæledyr eller ei hyggjeleg stund saman med venner og familie. Ja, lista er lang. Kanskje har du allereie vinnar-videoen i mobilarkivet ditt?

Riv mobilen opp frå bunadsveska og film i veg. Den beste videoen blir løna med 17 Flax-lodd.

Hugs å send med informasjon om kva, kor og kven vi ser på videoen!

Det er fleire måtar å senda oss snutten på:

  • Dersom videoen er mindre enn 500 mb, kan den sendast via tips-skjemaet vårt her.
  • Du kan tagga @kvinnheringen i storyen din eller innlegget ditt på Instagram eller Facebook.
  • Send direkte på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no.
  • Dersom videoen er av litt storleik, kan du bruka denne gratistenesta.