Også i år hindrar pandemien oss i å samla mange på 17. mai, men feira må vi jo gjera likevel!

Nokre plassar blir det køyretøy-kortesje gjennom bygda, andre plassar samlar folk seg kanskje i båtane sine, og uansett vil nok dei fleste av oss kle oss opp i finstasen og feira grunnlovsdagen så godt vi kan. Og uansett om du feirar du med familien, må på jobb eller tar turen til fjells, så har vi stor tru på at du finn nokre kjekke fotomotiv!

Uansett korleis feiringa di blir vil vi gjerne at du sender oss bilde eller video! Det vi får innsendt kan bli samla i ein bildeserie på nett eller presentert i papiravisa dagen etter.

Og sender du oss bilde eller video blir du med i trekninga av to gåvekort på 500 kroner.

Hugs å ta med namn på personar eller dyr på bildet, kor bildet er tatt og kven som er fotograf. Send bilde eller video til [email protected], eller bruk emneknaggen #kvinnheringen på Instagram.