Lyden av Olav H. Hauge

Liv Marit Aksnes. (Pressefoto).

Liv Marit Aksnes. (Pressefoto).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Torsdag 10. desember inviterer Senioruniversitetet i Kvinnherad til Olav H. Hauge-programmet «Her, her i denne verdi», av og med Liv Marit Aksnes, i Rosendal Fjordhotell.

DEL

Er du mellom dei mange som dett i stavar over klokskapen i Olav H. Hauge sine dikt? Måten orda hans får deg til å sjå det kvardagslege og sjølvsagte på ein heilt ny måte? Har du lyst til å få vita meir om kvifor, og kan henda oppleva dikta til den folkekjære diktaren på ein ny måte?

I så fall bør du notera deg neste torsdag, den 10. desember. Då inviterer Senioruniversitetet i Kvinnherad til Olav H. Hauge-programmet «Her, her i denne verdi», av og med Liv Marit Aksnes, i Rosendal Fjordhotell.

Aksnes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Bergen. Dei siste åra har ho arbeidd med eit forskingsprosjekt som handlar om «lyden i lyrikken» – og korleis musikken i språket påverkar opplevinga av eit dikt. Korleis framfører poetane sine eigne dikt? Olav H. Hauge er ein av dei mest sentrale diktarane i dette prosjektet.

Førelesaren vil gje eit historisk riss av Olav H. Hauge (1908–1994) som diktar, opplesar og offentleg person. Ho vil leggja vekt på det musikalske i lyrikken hans – og korleis denne musikken kjem til uttrykk når han sjølv les opp dikta sine. Gjennom lyd- og filmeksempel vil publikum få eit nært møte med den særeigne diktaren og opplesaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags