Arbeidet for seniorsenter er i gang

Desse skal arbeida for eit seniorsenter på Husnes. F.v. Kristian Hus (skrivar), Otto Blokhus, Sigurd Ness, Aud Sigrun Fausk, Ståle Halling-stad og Roald Teigen (leiar). Forutan desse er Geir Jakobsen med i gruppa. Ness og Hallingstad er kommunen sine representantar. (Foto: Ragnhild Engelsen Tofte).

Desse skal arbeida for eit seniorsenter på Husnes. F.v. Kristian Hus (skrivar), Otto Blokhus, Sigurd Ness, Aud Sigrun Fausk, Ståle Halling-stad og Roald Teigen (leiar). Forutan desse er Geir Jakobsen med i gruppa. Ness og Hallingstad er kommunen sine representantar. (Foto: Ragnhild Engelsen Tofte).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Før jul møtte kring 70 menneske opp i kulturhuset for å høyra om planane for eit seniorsenter på Husnes. No er ideen kome eit steg vidare i meir organiserte former.

DEL

Ei nemnd utpeika av Frivilligsentralen si seniorgruppe hadde sitt første møte torsdag, der vegen vidare blei diskutert og litt meir konkretisert. Eit av dei første spørsmåla nemnda tok for seg var å definera sjølve prosjektet. Kven er målgruppa? Er det interesse blant innbyggjarane? Korleis skal prosjektet organiserast? Kven skal byggja og korleis skal det finansierast?

Arbeidsgruppa vil no i startfasen ikkje låsa seg for mykje i høve til dei ulike spørsmåla, men er likevel einige om at det planlagde seniorsenteret skal vera for personar i alderen 67+. Når det gjeld spørsmålet om organisering, vil gruppa på neste møte diskutera om prosjektet skal byggjast av ei ideell stifting, av eit sameige, av eit burettslag eller om ein skal tilby private aktørar å stå for bygging og sal. Det skal leggjast fram ei utgreiing om desse spørsmåla i neste møte.

Tomteval

Så langt i prosessen har det ikkje vore noko konkret drøfting av stadvalet for eit seniorsenter, men det har likevel vore synfaring i eitt område, der eigaren har vist interesse for sal. I tillegg er nemnda orientert om tre andre moglege stader, som kan vera aktuelle. Kvinnherad kommune eig ei av tomtene som vil bli vurdert.

Det er i alle fall allmenn semje om at eit seniorsenter på Husnes må liggja sentrumsnært, slik at bebuarane får kortast mogleg veg, det vil seia gåavstand, til alt ein har bruk for i kvardagen, som til dømes butikkar, apotek, bank, kulturhus og liknande.

Ettersom arbeidsgruppa førebels ikkje veit noko om behov og interesse for eit seniorsenter, er det ikkje sagt noko om kor mange leilegheiter som eventuelt skal byggjast. Men tidlegare i prosessen har det vore nemnt eit bygg med minst 30-40 leilegheiter og ulike servicefunksjonar i same bygget. Dessutan har det vore peika på at prosjektet må ha minst mogleg preg av å vera ein institusjon.

Då representantar for Stiftinga Sosialbygget på Voss var på Husnes i november for å orientera om sitt prosjekt, understreka dagleg leiar Ove Jørgen Mørkve at dei heile tida har prøvd å unngå at prosjektet skal ha preg av å vera ein institusjon.

– Vi vil lengst mogleg vekk frå den tanken, sa han, og peika på at godt miljø og trivsel for den enkelte står i fokus. Alle bebuarar skal i utgangspunktet kunna greia seg på eiga hand, men dei som har behov for det, har likevel same krav på hjelp frå det offentlege som alle andre. Mørkve meinte òg at det er ein stor fordel at eit slikt senter ligg i, eller svært nær sentrum.

Kristian Hus,

skrivar

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags