Dobbel jubileumsfeiring

Eldre utåkerbuarar var søndag samla til høgtideleg fest for å feira 85-årsjubileet til Holmedal helselag og det forseinka 25-årsjubileet til Utåker eldresenter.

Eldre utåkerbuarar var søndag samla til høgtideleg fest for å feira 85-årsjubileet til Holmedal helselag og det forseinka 25-årsjubileet til Utåker eldresenter.

Artikkelen er over 4 år gammel

Eldre på Utåker var søndag samla til fest for å feira 85-årsjubileum for Holmedal helselag og forseinka 25-årsjubileum for Utåker eldresenter.

DEL

Fellesbygget i eldresenteret var stemningsfullt pynta då rundt 20 eldre utåkerbuarar, somme av dei utflytta, var samla til jubileumsfeiring søndag ettermiddag. Dei høgtidspynta feirande fekk servert nydeleg betasuppe laga av Britt Bauge, og servert av Cort Holtermann og Kjell Ottar Bauge. Psykiater og tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik frå Skånevik hadde tatt turen over fjorden. På ein rørande og treffande måte kåserte han over alderdomen, og meinte mellom anna at alderdomen ikkje er ein sjukdom, men eit overskotsfenomen. Ordførar Peder Sjo Slettebø utgjorde eit ungt alibi i forsamlinga, men trefte godt med talen sin og lokka fram latteren, som då han fortalde om svensken som påpeika at alle skulle dei møtest på kyrkjegarden til slutt, «om dei fekk leva og ha helsa».

Aktivt lag

Sverre Vevelstad, styreformann i Holmedal bustadstifting, leia laget denne ettermiddagen, medan Kjell Heimvik frå Tysværvåg stod for den musikalske underhaldinga. Oddvin Heimvik fortalde litt om historia til eldresenteret og helselaget. Etter festen fekk ordføraren ei omvising i eldrebustadane, som det er fire av.

– No blir to av desse eldrebustadane ledige, dersom nokon lét seg freista av å flytta til vakre Utåker, fortel Vevelstad til Kvinnheringen, og seier det er tildelingskontoret til kommunen som står for formidlinga av bustadane.

Utåker eldresenter vart innvia 25. november 1989, men for å slå saman 25-årsfeiringa med Holmedal helselag sitt 85-årsjubileum i år, valde ein å ta feiringa litt på etterskot. Helselaget såg dagens lys i 1930, i ei tid då Utåker hadde todelt barneskule med rundt 50 elevar, og folk flest levde av gardane sine. Helselaget var aktivt alt i dei første åra, i følgje årsmeldinga hadde det i 1937 heile 75 medlemer. Bakgrunnen for at laget tok på seg arbeidet med å få bygt eldresenter, var ei gåve på 200.000 kroner frå Astrid og Arne Ølfarnes i 1987. Senteret var bygt som eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og helselaget, der sistnemnte stod som byggherre. Etter ferdigstillinga var Holmedal bustadstifting oppretta med representantar frå kommunen, bebuarane og helselaget for å stå for vidare eige og drift.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags