Éi veke etter at Otto runda 90, var det klart for feiring saman med seniorgruppa. Der vanka det både gåve, kaffi og kake, men ikkje berre i høve 90-årsdagen. Han vart også takka for ideen han kom med i mars 2018 om eit seniorsenter på Husnes.

– Otto var den første som lanserte ein slik idé, sa leiaren i gruppa, Roald Teigen då han takka og skåla for jubilanten.

Fire år seinare er seniorsenteret klart og 27 av leilegheitene er tekne i bruk.