«Eldre må sjølv ta ansvar»

SENIORSENTER: Slik ser prosjektgruppa og arkitekt Gretha Rød for seg at det komande seniorsenteret på Husnes kan sjå ut. (Teikning: Abo Plan og Arkitektur).

SENIORSENTER: Slik ser prosjektgruppa og arkitekt Gretha Rød for seg at det komande seniorsenteret på Husnes kan sjå ut. (Teikning: Abo Plan og Arkitektur).

Av
DEL

MEININGAROverskrifta er henta frå ein artikkel i Haugesunds Avis, der ei 74 år gammal kvinne fortel om valet ho og mannen har teke. Dei har selt einebustaden sin med stor hage og mykje stell og vedlikehald, og flytta til ei lettstelt leilegheit i Kopervik sentrum. Ho uttalar seg med tyngde, skriv avisa, ettersom ho har arbeidd innanfor eldreomsorga på Karmøy i mange år. No er ho sjølv blitt ein av dei eldre, og blir engasjert når ho les om dei økonomiske og praktiske utfordringane helse- og omsorgssektoren i Karmøy kommune står overfor. Det er lett å trekkja parallellar til Kvinnherad, for situasjonen her er mykje lik.

– Eg blir litt frustrert. Heimesjukepleien har dårleg tid, og er organisert på ein måte som gjer at til dømes ein som ligg på sine siste dagar kanskje har ti ulike heimesjukepleiarar å forholda seg til, seier den 74 år gamle kvinna i intervjuet med HA. Eg veit ikkje om det er slik her i Kvinnherad.

Det finst ei todelt oppskrift på ei mest mogleg verdig eldreomsorg, seier karmøykvinna. Den eine delen handlar om kor folk som etter kvart treng hjelp, skal bu. Eitt av svara er sentrumsnære leilegheiter, slik vi no planlegg på Husnes. Eit mål for prosjektet vårt er å få til ein avtale med Kvinnherad kommune, som sikrar bebuarane fagleg tilsyn etter kvart som behovet melder seg.

– Vi gjorde dette for å gjera det enklare for oss sjølve, men også for familien og etter kvart kommunen, seier 74-åringen i Kopervik. Å flytta inn i ei leilegheit gjer det enklare for alle partar den dagen vi får behov for hjelp, seier ho, og strekar under at ho og mannen valde å vera realistiske med tanke på framtida. Vi eldre kan ikkje sitja med hendene i fanget og venta på at kommunen skal «overta» oss, vi må gjera noko sjølve òg, seier ho.

Det skal bli spennande å sjå om administrasjonen og politikarane i Kvinnherad vil medverka til realiseringa av Husnes seniorsenter, til dømes med ein base for tenesteytinga i eldreomsorga. Vi set i alle fall vår lit til at alle partar følgjer opp den nyleg vedtekne Kommunedelplan for helse, omsorg og sosial. Her står det i det minste at kommunen skal delta i planlegging av sentrumsnære seniorbustader. Eit anna viktig moment i planen er at kommunen skal ha stort fokus på å førebyggja helseproblem ved å skapa aldersvennlege samfunn, der det er tilrettelagt for fysiske og sosiale aktivitetar.

Kristian Hus

skrivar, Husnes seniorsenter

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags