Kommunen har invitert seniorgruppa til dialogmøte

Seniorgruppa på Husnes har gjennomført fleire synfaringar på aktuelle tomter. Bildet er frå tidleg i april då representantar for seniorgruppa, i følgje med tre karar frå Berge Bygg, kika på tomta ovanfor for Husnes Panorama.

Seniorgruppa på Husnes har gjennomført fleire synfaringar på aktuelle tomter. Bildet er frå tidleg i april då representantar for seniorgruppa, i følgje med tre karar frå Berge Bygg, kika på tomta ovanfor for Husnes Panorama. Foto:

DEL

Formannskapsmøtet torsdag oppretta på strak arm ei sak om planane om seniortun på Husnes, med bakgrunn i søknaden om støtte til forprosjekt. Ordføraren kunne opplysa at seniorgruppa har vedtatt å engasjera ein arkitekt til dette arbeidet.

Det kom fleire spørsmål frå formannskaps-politikarane om korleis ein tenkjer seg seniorprosjektet på Husnes organisert, korleis kommunen skal vera involvert, og kva rolle kommunen har per i dag. Leif Sverre Enes (H) meinte at eit slikt forprosjekt bør kunna nyttast også i andre bygder, og viste til at det er interesse for seniortun også i Rosendal.

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik kunne opplysa at seniorgruppa på Husnes, som er tilknytt Kvinnherad frivilligsentral, er invitert til eit dialogmøte i rådhuset måndag 17. juni.

– Det er ein del som må avklarast og difor er det greitt med eit slikt møte. Seniorgruppa er innforstått med at det først blir politisk sak i august, fortalde Bjerkvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags