Seniorturen onsdag 21. august går til Oddavarden. Sjølv om dette er ein seniortur, er turen open for alle, her er det ingen som spør om alder. Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten via Odda til Korlevoll, som er utgangspunktet for turen.

Dette er ein fottur i oddingane sitt skiområde, der vi vandrar på godt tilrettelagd sti frå Korlevoll til Oddavarden 937 moh. Frå Oddavarden går vi ned til hyttefeltet i Langedalen oppom tidlegare Solfonn Hotell. Det vert transport attende til Korlevoll. Turen er 12 km lang med samla stigning 300 meter. Vi reknar med å bruka 4 timar, pausar kjem i tillegg.

Hytteentusiast og trekunstnar Kjell Musland orienterer om den store hytteutbyggjinga i Langedalen, og viser oss døme på det rike fugle- og dyrelivet kring hyttene der.

Velkomen til opplevingstur i lettgått terreng hjå naboane våre i aust. Har du bruk for skyss, så ta kontakt på førehand med ein av turleiarane, Hermund Fenne og Kåre Eik.

KVINNHERAD TURLAG