«Kvinnherad treng deg!»

Av
DEL

MEININGARI Kvinnherad er det ni politiske parti som stiller lister til kommunevalet. Bak listeframlegga står heile 231 listekandidatar. Kandidatane har sagt seg villige til å bidra for å løysa viktige politiske oppgåver for å utvikla kommunen, dei neste fire åra. Dei politiske partia har ulike standpunkt, visjonar og målsetnader. Men felles for dei alle er at dei ønskjer å representera innbyggarane i Kvinnherad på ein god måte!

Den komande fireårsperioden vil ikkje vera noko unntak. Her vil det bli gjort viktige vedtak som vil vera med på å forma tida som kjem for vår felles kommune.
Vår felles natur og kultur.
Vår felles identitet og mangfald.
Vår felles framtid.
Ein kommune me alle er stolt over! For å få dette til, er det viktig at du nyttar røysteretten i kommunevalet!

For å utvikla kommunen vår i rett retning ynskjer Senterpartiet ei utvikling av lokaldemokratiet. Me vil styrkja Kvinnheringane sine moglegheiter for å vera med å delta på ulike nivå.

Blant anna vil me:
– Styrkja og formalisera samarbeidet med bygdelaga og sentrumsforeiningane.
– Skapa gode arenaer for debattar, meiningsutveksling, samhald og lagbygging.
– Sikra alle innbyggarane enklare kontakt og dialog med kommunen.

Kort fortald; Senterpartiet vil bygga og utvikla kommunen saman og i takt med innbyggarane. Nye arbeidsplassar, betre samferdsle og kollektivløysingar, barnehagar, skule, helse og omsorg.

Ja, alt me vil fylla kommunen vår med, blir til saman med deg!

Godt val, alle saman!

Hans Inge Myrvold

Ordførarkandidat Senterpartiet

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags