Serverer digital gudsteneste på nasjonaldagen – spelt inn i fire kyrkjer

Sokneprestane Jan Ove Totland (t.v.) og Kjersti B. Boge skal leier gudstenesta, medan Eva Megyesi (i midten) er organist. (Foto: Aslaug Hellesøy).

Sokneprestane Jan Ove Totland (t.v.) og Kjersti B. Boge skal leier gudstenesta, medan Eva Megyesi (i midten) er organist. (Foto: Aslaug Hellesøy).

Av

På søndag, 17. mai, var det planlagt gudsteneste som ein del av feiringa av Grunnlovsdagen i ni av kyrkjene våre i Kvinnherad. På grunn av korona-situasjonen vert det ikkje slik dette året, men i staden kan du sjå gudstenesta digitalt!

DEL

Som så mange andre, satsar også kyrkja i Kvinnherad på ei digital feiring dette året. Det vert ei feiande flott gudsteneste med mellom anna «Vitae Lux» av Frode Alnæs som preludium på kornett og orgel, kyrkjekoret Norsaang er forsongarar når vi stemmer i allsongar som «Ja, vi elsker», «Gud signe vårt dyre fedreland» med fleire, Rosendal barnekor deltek med flott song og det vert preik og bøn.

Innspelingane er gjort både i Eid kyrkje, Kvinnherad kyrkje, Husnes kyrkje og Valen kyrkje, men det vert òg nokre glimt av alle dei tolv flotte kyrkjene i kommunen vår. Sokneprestane Kjersti B. Boge og Jan Ove Totland leier gudstenesta, og kantor Eva Megyesi sit på orgelkrakken.

Dette er med andre ord ei felles gudsteneste for heile kommunen. Gudstenesta vert lagt ut på kyrkja si heimeside og Facebook-side om føermiddagen på 17. mai. Ein kan òg følgja gudstenesta via nettsidene til Kvinnheringen og Grenda.

Kyrkja i Kvinnherad ynskjer med dette å gratulere alle med dagen, og håpar mange vil ta del i fellesskapet og den spesielle feiringa av årets 17. mai.

Jan-Ove Fagerheim

Artikkeltags