Gå til sidens hovedinnhold

SIM vil ha tips om forureining

Artikkelen er over 4 år gammel

SIM inviterer til eit «annleis» ryddetiltak i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Målet er å få sett avfall på dagsorden, og å få innbyggjarane til å engasjera seg for ein reinare, ryddigare og trivelegare heimkommune. I denne ryddedugnaden er det ikkje nødvendigvis privatfolk som skal rydda. SIM ynskjer i første omgang at folk melder frå om område dei meiner treng rydding, og som har manglande rydding i dag. Alle innspel er velkomne. Ingen er for små, ingen for store. Døme kan vera villfyllingar, bilvrak og strender. Målet er å få ordna opp i forureining som er til irritasjon for innbyggjarane, skriv SIM på nettsidene sine. Deretter vert det SIM si oppgåve å prøva å finna ut kven som «eig» boset, for å gje vedkomande råd om avfallslevering og føreslå løysingar. SIM vil først sjå på det aktuelle området for å kartleggja situasjonen. Dersom ingen ynskjer å rydda området, vil ein prøva å finna «rette eigar» av boset for å gje vedkomande råd og hjelp. I grove tilfelle vil kommunen som forureiningsmynde verta kopla inn. I utgangspunktet er det den som «eig» boset som skal betala for rydding og levering av boset. Men i tilfelle der ansvarsforholdet er uklart kan SIM sine fondsmidlar koma til nytte. Dette er pengar som SIM-styret har lagt til sides spesielt for dette ryddetiltaket.

Eit av hovudprinsippa i forureiningslova er at den som produserer avfallet skal betala for avfallsbehandlinga. Lova slår fast at det er vegeigar som har ansvar for rydding langs veg. Den som driv daglegvarehandel, kiosk, bensinstasjon eller liknande skal setja opp boskorger på sitt område, sørgja for at dei vert tømde og elles halda området ryddig. Arrangør av tilstelling eller stemne skal sørgja for opprydding etter arrangementet. Dersom ikkje andre eigarar/etatar har ansvar for det, skal kommunen setja opp boskorger på utfartsstader og andre sterkt besøkte offentlege stader. Den som har ansvar for å setja opp boskorgene, skal også tømma dei og sørgja for at området er ryddig.

Har du innspel til SIM kan du kontakta Arild Vik på tlf. 53 45 78 50 eller e-post: arild@sim.as. Det er ingen tidsfrist, denne dugnaden pågår året rundt, skriv SIM.

Kommentarer til denne saken