Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal & co har ombestemt seg: Dei to førestillingane (måndag 5. og tysdag 6. september) blir på Husnes på ein parkeringsplass ved Husnes Storsenter.

– Me fann at industriområdet ikkje var heilt eigna for oss, så no blir det forestillingar på Husnes, fortel ein oppglødd Smørdal på telefon.

Her kan du lesa førehandsomtalen:

Senterleiar Terje Børtveit opplyser til Kvinnheringen at det er den tidlegare Nav-tomta som skal brukast:

– Dei hadde akutt behov for ei tomt til sirkuset sitt, sidan den opprinnelege planen i Uskedalen fall litt gjennom. Husnes Storsenter låner ut Nav-tomta, og utset dermed oppstarten av parkeringsavgift i sentrum til torsdag 7 september.