Fritt behandlingsval har vore ei ordning der ein pasient sjølv kan bestemma kvar ein vil bli behandla.

Kvinnheringen skreiv i juli om Steffen Raudstein som har fått livsviktig hjelp gjennom denne ordninga. Han meiner liv vil gå tapt som konsekvens av avviklinga.

I høyringsrunden var det mange som sa det same, men helseministeren er tydeleg på at dei ikkje vil fjerna pasienten sin rett til å velja behandlingsstad. Det er ordninga som gir private aktørar fri etableringsrett som blir fjerna.

Ordninga var slik at private verksemder kunne bli godkjente av Helfo og få betaling frå staten for å levere spesialisthelsetenester, som døgnbehandling innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling og psykisk helsevern, utvalde somatiske tenester, habilitering av barn med hjerneskade og utvalde tenester innan rehabilitering, mot betaling frå staten.

Med dette auka utbetaling av refusjonar til private frå 58 millionar i 2016, til 515 millionar i 2021, og summen er aukande.

"Dette betyr at offentlege sjukehus misser styring og kontroll med ein aukande del av innhaldet og kvaliteten i offentleg finansiert spesialisthelseteneste", forklarar statsråd Ingvild Kjerkol på regjeringa.no.

Blant dei som har reagert kraftig på avviklinga i vår region, er Tysnes kommune som har kring 60 behandlingsplassar og 70 årsverk i Mestringhusene Tysnes, og Heim Behandlingssenter. Ordførar Kåre Martin Kleppe (H) opplyser på Facebook at distriktskommunen Tysnes misser viktige arbeidsplassar, og underleverandørar innan vaskeri og andre tenester misser viktige oppdrag. Samstundes blir valet for dei som treng helsehjelp vanskelegare, også fordi Helse Vest har redusert sine tilbod med 11 plassar.

Kleppe meiner det er feil å avvikla behandlingstilbod først, for så etterpå, i 2023, å kartleggja behovet for rusbehandlingsplassar, slik det no vert gjort.