Ifølgje baroniet sin bildekunstekspert, professor emeritus Gunnar Danbolt, er Jenssen like mykje del av tysk kunstliv som norsk. «Han starta si karriere med figurative bilde, men gjekk utover på 1980-talet over til måleri som vibrerer ein stad mellom det figurative og det nonfigurative», skriv Danbolt i baroniet sin omtale av kunstnaren. Jenssen bur i Berlin, men er opphavleg norsk.

Jenssen er ifølgje Store Norske Leksikon representert med arbeid i ei rekke norske og internasjonale offentlege samlingar, blant andre Astrup Fearnley-museet, Nasjonalmuseet i Oslo og Museum of Modern Art i New York. Jenssen har vore professor i måleri ved Hochschule für Bildende Kunst i Hamburg og Hochschule für Bildende Kunst i Braunschweig. I sommar kan du sjå to ulike sider av kunstnaren i baroniet.

Kvinnheringen var innom dei hektiske og lett ombygde utstillingslokala i baroniet onsdag føremiddag. Då var både lokal snikkar og kunstnaren sjølv i sving med å organisera utstillinga: Nede i vinkjellaren var mange oljemåleri klare til å hengast opp på nylaga utstillingsvegger. I etasjen over grafiske arbeid i stor grad inspirert av Jon Fosse-dikt, og dessutan ei samling bøker knytt til Jenssen sin kunst, og to tyske omsetjingar av Fosse illustrert med kunstverk av Jenssen.

Festivalutstillinga er til liks med Beethoven-festivalen to år forseinka på grunn av pandemien.

– Kor mange bilde stiller du ut?

– Det var eit overraskande spørsmål, humrar Jenssen.

– Eg har 15 måleri i vinkjellaren. Så har eg 50 grafiske blad i det andre lokalet. Til dømes har eg tillate meg å laga eit slags bygdedyr som ofte ligg og ulmar i einskilde Fosse-dikt. Eg tar meg fridomen til å assosiera, eg er ingen illustratør i den forstand, forklarar Jenssen.

– Du er representert i samlingar i metropolar rundt om i verda. Korleis hamna du her, langt ute i bushen?

– Det er då mange kjende kunstnarar som har vore i baroniet, ler Jenssen, før han utdjupar:

– Dessutan har Danbolt ein regi her. Han har vigd meg merksemd også ved andre høve, forklarar kunstnaren som også har vore festspelutstillar i Bergen.

Jenssen legg til at han kjenner til Rosendal frå før, mellom anna på grunn av kammermusikkfestivalen.

– Atmosfæren festivalen skapar gjer at eg synest det er hyggjeleg å bidra med ei anstendig utstilling.

– Du trur bilda dine får ein god heim i baroniet i sommar?

– Ja, no er det tid for superpresisjon og opphenging av bilde. Vi må improvisera litt og det er litt av moroa, seier Jenssen, like mykje til snikkaren som til journalisten.

I vinkjellaren er det sett opp utstillingsvegger.

– Det er for å få det til å bli eit meir heilskapleg utstillings rom. Her blir det ein krins med tradisjonelle oljemåleri, arbeid eg har laga i fjor og i år. Eg har prøvd å bryta med det «maritime format» som ofte gjer at ein automatisk lagar seg horisontar, så her har eg laga meg nokre utfordringar.

I samband med rigginga av utstillinga har Jenssen budd i den nyrestaurerte gartnarbustaden kloss i rosehagen, og det synest han er heilt topp:

– Eg trur ikkje baronen i si tid hadde det noko betre – det er veldig, veldig fint!

Laurdag 21. blir det omvising i utstillinga ved Danbolt og Jenssen. Festivalutstillinga blir ståande heile baronisesongen.