– Situasjonen for den smitta er udramatisk

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

Kommunelege Glenn André Opland fortel at fleire og fleire kvinnheringar blir testa for korona-viruset, og at det er rimeleg å anta at det kan dukka opp nye smittetilfelle i Kvinnherad kommune.

DEL


Tysdag føremiddag opplyser kommuneoverlege Glenn André Opland om at cirka 22 kvinnheringar er testa for korona-viruset. Måndag kom meldinga om at det første tilfellet av viruset er oppdaga i Kvinnherad.

– Eg kan ikkje seia så mykje meir enn at det er udramatisk for den smitta og at vedkomande er i heimekarantene, seier Opland til Kvinnheringen tysdag.

Den smitta sat i karantene i samband med smittesporing då tilfellet blei oppdaga.

– Veit de korleis vedkomande fekk viruset?

– Vi mistenker smitte frå utlandet, seier Opland.

– Korleis handterer de personane her i kommunen som eventuelt har vore i kontakt med den smitta?

– Dei er informerte om situasjonen. Dei som har symptom, blir testa. Andre som har vore i nærkontakt med smittetilfelle, men ikkje har symtom, får 14 dagars karantene, forklarer han.

– Det er etter Folkehelseinstituttet sine retningslinjer, legg han til.

Opland hadde ikkje nøyaktige tal på kor mange som per tysdag føremiddag sat i karantene i Kvinnherad kommune.

– Vi har lista vår, medan enkelte arbeidsgjevarar har send tilsette heim i karantene, utan at vi har registrert dei enno. Derfor er det litt vanskeleg til ei kvar tid å ha oversikt, fortel Opland, som legg til at 23 personar sat i karantene førre gong dei hadde ei fullt oppdatert liste.

– Fryktar de fleire smittetilfelle i Kvinnherad?

– Det er jo rimeleg å anta. Det er ei forventa utvikling. Per i dag har vi likevel relativt god oversikt over smittetilfelle. Det er enno sånn at dei fleste tilfella av smitte kan sporast tilbake til der det kom frå. Vi må ta det som det kjem.

Opland ber folk om vera ekstra påpasselege overfor personar som er i risikogruppa.

– Ver ekstra nøye ved besøk til sjukeheimar, sjukehus eller andre institusjonar. Folk må også halda fram med å ha god hand- og hostehygiene. Det er det som hjelper og som kan vera med å dempa spreiinga av dette utbrotet. Det er det desidert viktigaste tiltaket vi kan gjera, avsluttar kommunelegen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags