Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bidraga vi fekk inn til morsdagskonkurransen: – Mamma er min beste støttespelar

Her kan du sjå dei flotte og rørande bidraga vi fekk inn til morsdagskonkurransen vår! Sjølvsagt skulle vi gitt alle saman ein flott blomebukett, men vi har trekt ut éin vinnar, og det blei Ann Helen Collins sitt. Bidraget hennar kan du sjå til slutt i denne bildeserien, og du kan òg lesa intervju med henne og mora seinare i dag. Takk til alle som deltok, og gratulerer med dagen til alle mødrer der ute! Og hugs at sjølv om du ikkje fekk eit bidrag i denne konkurransen, er vi sikre på at du er svært høgt elska av borna dine uansett. Ikkje alle er like flinke til å setja ord på kjærleik, men tenk på dei andre kjærleiksteikna du har fått og får, som smil og latter, gode klemmar og trøysten dei vil ha av deg når noko er trist eller vondt. Nyt dagen, mødrer!

Du har nå sett Sjå bidraga vi fekk inn til morsdagskonkurransen: – Mamma er min beste støttespelar