Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilde: Opning av sandvolleyballbane på Varaldsøy

Laurdag var det opning av den nye sandvolleyballbanen på Varaldsøy. Nina Skjelnes, Siren Lauvsland, Johanna Aggvin og Morten Haukenes Solsvik frå idrettslaget på Varaldsøy stod bak opningsfesten og har òg stått i bresjen for å få banen på plass. Dette hadde dei aldri klart utan gode sponsorar, fortel dei. Mowi og Eide Fjordbruk har stått for finansieringa. Laurdag ettermiddag var det turnering med 20 påmelde lag og alle under ti år fekk seg ein pokal. Elles var det premie til 1.-, 2.- og 3.-plass.

Du har nå sett Sjå bilde: Opning av sandvolleyballbane på Varaldsøy