Torsdag gjekk startskotet for årets Rosendal Kammermusikkfestival.

Det er mange som er komne til Rosendal for klassisk musikk denne helga og Kvinnheringen preika med nokre av dei før den første festivalkonserten i Riddersalen i avlsgarden ved baroniet torsdag kveld.

I 2020 skulle festivalen ha 250-årsjubileum for Beethoven, men på grunn av pandemien blei temaet utsett til denne helga i år.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl stod for opningstalen på festivalen torsdag. Fleire musikarar stod på scenen under opningskonserten.

Vidare i helga kan ein oppleva over tjue forskjellige musikarar og føredragshaldarar, mellom andre ein av verdas mest ettertrakta pianistar innan kunstmusikken, islendingen Vikingur Òlafsson.

Her er eit knippe blide folk på veg til opningskonserten torsdag kveld: