Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilde: Smidde spiker så det song i amboltane

24. september 2020, kl. 20:00

I tre dagar denne veka var det yrande smed-aktivitet ved Halsnøy kloster. Elevgrupper frå Øyatun og KVV fekk prøva seg på å smi spiker. Instruktørar var smedelevar frå Odda vidaregåande skule. Heile opplegget var i regi av Venelaget for Halsnøy Kloster, som også tar seg av den gamle folkehøgskulebygningen Haugastova. Den skal få ny kledning på ein av veggene, og der var det opprinneleg brukt handsmidde naglar. Les meir om saka her: https://www.kvinnheringen.no/serine-15-og-dei-andre-elevane-fekk-prova-seg-som-smedar-pa-halsnoy-kloster-det-var-hardt-arbeid/s/5-27-234486