Gå til sidens hovedinnhold

Sjå herleg bildeserie: Bli med tre tvillingpar på tur til speglveggen i kulturhuset

10. oktober 2020, kl. 18:01

I avdelinga «Blåklokkene» i Bringdalsbygda barnehage i Herøysund, er det utruleg nok tre tvillingpar – alle to år. Seks av ti ungar på avdelinga er tvillingar. Sidan to av tvillingpara er gut og jente, er det likevel ikkje så vanskeleg å vita kven som er kven. Så for å skapa litt meir forvirring i bildet, inviterte me tvillingane til speglveggen i kulturskulen sin dansesal. Det viste seg å vera noko toåringane sette stor pris på.