– Då er kalenderen 2022 historie. Mange fine turar er gått, både i lys og mørke. Totalt var det 148 namn på listene, litt færre enn i fjor. Talet på deltakarar per tur har variert frå null til vel 20, skriv Gunnlaug Vågen Tjelmeland, initiativtakaren til turlaget sin adventskalender der kvar «luke» var ein tur ein kunne bli med på.
Dette var andre året turlaget hadde ein slik kalender.
Dei personane som var med på flest turar var Randi Knutsen med fem turar og Jarle Røstbø med fire. Randi får derfor ein premie frå turlaget.
– Elles så har me òg teke ei trekning blant alle deltakarane som var med gjennom desember, og dei tre personane får Kvinnheradkula. Desse er: Mathias Fausk Eikemo, Gro Sævareid og Iver Andreas Blokkum. Tre personar får ein kul Kvinnherad Turlag-caps: Tore Furdal, Helga Fossheim og Nina Fausk. Vinnarane får premiane rundt nyttår eller rett etter. Kvinnherad Turlag vil med dette takka alle for turen og ønskja kvar og ein ei fin julehøgtid. Ta gjerne turen ut! helsar Tjelmeland.
