Utdelinga skjedde i Husnesparken og ingen av mottakarane hadde søkt om pengar.
– Koronapandemien har ramma lag og organisasjonar på mange måtar. Det som styret i stiftinga har sett på er at mange lag har gått glipp av inntekter frå arrangement de normalt ville ha arrangert denne våren og sommaren, innleia styreleiar i stiftinga, Svein Arne Eidsvik.
– Det er sjølvsagt mange andre lag som kunne fått støtte, men vi har plukka ut dykk denne gongen for å styrkja økonomien dykkar. Pengane de får i dag står de ganske fritt til å bruka – rett nok ikkje til straum og husleige – men til å oppretthalda aktiviteten i laga, understreka Eidsvik.
Éi av gåvene peika seg ut. I tillegg til 75.000 kroner i «korona-støtte», fekk Strand-Ulv nemleg 400.000 kroner til å gjera ferdig opprustinga av Strandulvhallen. Dermed vart det totalt delt ut 1,2 millionar kroner i denne ekstrarunden.
Idrettslaget Ternen | Sandvoll | 75.000 |
Kvinnherad Handballklubb | Husnes | 75.000 |
Matre Idrettslag | Matre | 25.000 |
IL Trio | Husnes | 100.000 |
Uskedalen Idrettslag | Uskedalen | 75.000 |
Rosendal Skulekorps | Rosendal | 25.000 |
Rosendal Turnlag | Rosendal | 75.000 |
IL Strand Ulv | Hatlestrand | 75.000 |
IL Strand Ulv | 400 000 | |
Omvikdalen idrettslag | Dimmelsvik | 75.000 |
Herøysund Idrettslag | Herøysund | 25.000 |
Husnes skulekorps | Husnes | 25.000 |
Fjellhaugen Skisenter AS | Rosendal | 50.000 |
Halsnøy IL | Sæbøvik | 75.000 |
Uskedalen skulemusikk | Uskedalen | 25.000 |