Gå til sidens hovedinnhold

Sjå Liverpool på Kvinnheringen.no

Den regjerande Premier League-meisteren er i gang med førebuingane til neste sesong. Kampane kan du sjå på Kvinnheringen.no.

Kvinnheringen sin eigar, Amedia, har sikra seg retten til Liverpool sine treningskampar mot Stuttgart og Red Bull Salzburg førstkomande laurdag og tysdag.

Kampane blir Merseyside-laget sine to einaste testar før Community Shield-møtet med Arsenal på Wembley neste helg.

Klopp: - Heile familien held med Stuttgart

Liverpool-troppen er allereie på treningsleir i Austerrike, der kampane blir spelt, og manager Jürgen Klopp ser fram mot å testa mannskapet sitt mot gamle kjenningar.

– Eg er faktisk født i Stuttgart, og det var laget eg heldt med som barn. Eg har sjølvsagt spelt mot dei i Bundesliga nokre gonger allereie, men eg er vaksen no, så det er ikkje det same forholdet lenger. Men heile familien min heime held med Stuttgart, seier Klopp til Liverpool sine heimesider.

Kampen blir den første mellom Liverpool og Stuttgart på 40 år - også i 1980 møttest laga i ein treningskamp.

Like lenge er det ikkje sidan førre møte mellom Liverpool og Red Bull Salzburg. Laga møttest nemleg i gruppespelet i Champions League førre sesong. Det enda med 4–3-siger for Liverpool på Anfield og 2–0-siger på Red Bull Arena.

– Det er ikkje så lenge sidan vi spelte mot dei og henta Taki (Minamino) derifrå. Sadio (Mané) spelte der og Naby (Keita) spelte der. Det er bra, men når alt kjem til alt, handlar det berre om at vi kan spela kampar. Det er ikkje dei viktigaste kampane i verda, men akkurat no er dei veldig, veldig viktige, fordi vi ønsker å sjå at gutane igjen kan gjera dei tinga vi meiner dei skal gjera i kamp. Første sjanse kjem 22. august, seier Klopp.

Liverpool–Stuttgart, som blir spelt 18.00 laurdag, og Red Bull Salzburg–Liverpool, som har avspark 16.00 tysdag, ser du på Direktesport.

Eigen Direktesport-app

Direktesport har lansert ein egen app for Apple-TV og smart-TV.

Med smart-tv-appen vår kan du sjå på Direktesport på AppleTV, Samsung og LG. Du installerer tv-appen der du finn appane på einskapen din.

Klikk på bildet for å forstørre. APP: Direktesport har lansert en egen app hvor du kan se sendingene LIVE.

APP: Direktesport har lansert ein eigen app der du kan sjå sendingane LIVE.

Direktesport gir deg blant anna kampar frå Toppserien, PostNord-ligaen, Rema 1000-ligaen, første divisjon ishockey, eliteserien i basket og volleyball, og trav kvar onsdag og laurdag.

Kommentarer til denne saken