Sjå nokre av blinkskota til Kvinnherad Fotoklubb som fekk premiering i NM i foto!
To gonger i året arrangerer Norsk Selskap for fotografi NM i foto for fotoklubbar tilknytt organisasjonen. Det er éin runde på våren, og éin på hausten. No er resultatet frå haustrunden endeleg klart, etter at det vart forseinka på grunn av pandemien, og den utanlandske juryen som i år var i Tyskland. I haustrunden kom det inn 5.020 bilde fordelt over 8 klassar, inkludert ungdomsklassen for dei under 25 år. Kvinnherad Fotoklubb har eitt ungdomsmedlem, Marie Oma, som fekk to antatte bilde. Det er òg ein klubbkonkurranse for årets klubb, som slår saman poeng frå vår- og haustrunden. I 2020 kom Kvinnherad fotoklubb på 8. plass. Fotografane leverte inn bilde i følgjande klassar: «Natur», «kreativ», «farge digital», «svart-kvitt digital», «svart-kvitt papir», «farge papir» og tema «eventyr». Poenga ein oppnår i konkurransane gir over tid utmerkinga «plakett» til dei dyktige fotografane. Når ein har oppnådd 25 poeng, får ein sin første bronseplakett, vidare får ein sølvplakett ved 50 poeng og gull etter 100 poeng. Eit såkalla «antatt bilde» gir eitt poeng. Kvinnherad fotoklubb har all grunn til å vera stolte over at så mange medlemmar fekk antatt eller betre i NM, og her er resultatet: Atle Helland: 1 sølvmedalje og 2 antatt Inge Audun Røssland: 5 antatt Lars Håvard Eikeland: 5 antatt Lars Martin Teigen: 5 antatt Erik Christian Bache: 4 antatt Nils Magne Kloster: 3 antatt John Asle Eivind Hansen: 3 antatt Maria Oma: 2 antatt i ungdomsklassen Sigve Solheim: 2 antatt Vigdis Anne Dyrkolbotn: 1 antatt Ole Berntsen: 1 antatt
Du har nå sett Sjå nokre av blinkskota til Kvinnherad Fotoklubb som fekk premiering i NM i foto!