Sjå oversikta – slik blir Norge opna

Statsminister Erna Solberg (H) la torsdag fram planane for gjenopning av samfunnet. Her frå eit tidlegare høve.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) la torsdag fram planane for gjenopning av samfunnet. Her frå eit tidlegare høve. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Av

Samfunnet skal opne igjen før sommaren, og regjeringa legg opp til ny lette i restriksjonane kvar fjortande dag, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse torsdag kveld.

DEL


Regjeringa la torsdag fram planen sin for å gjenopne Noreg.

Noreg er no over i ein ny strategi mot koronaepidemien, sa statsministeren.

– Fram til no har strategien vore å slå ned viruset. No er vi over i ein kontrollstrategi, sa Solberg.

Ho sa ho er letta over at det no er mogleg å opne opp samfunnet igjen.

– No snakkar vi om kva rekkefølgje vi kan opne opp samfunnet, ikkje kva vi må stengje ytterlegare ned. Det viser at strategien har fungert, sa ho.

Føresetnaden for gjenopninga er at smitten framleis blir halden under kontroll, understreka ho.

Karanteneplikta blir korta ned til ti dagar

Karanteneplikta for personar som har vore i nærkontakt med koronasmitta, blir korta ned til ti dagar.

Det kunngjorde helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse torsdag. Personar som har hatt nærkontakt med stadfesta koronasmitta innan 48 timar av dei første symptoma, skal framleis i karantene.

– Ny kunnskap gjer at vi i dag endrar karanteneplikta frå 14 til 10 dagar, sa Høie.

Det blir i tillegg gjort unntak i seks månader for personar som allereie har vore stadfesta smitta med koronaviruset.

Definisjonen av nærkontakt er den same: Personen må ha vore nærare enn to meter av den koronasmitta i minst 15 minutt.

Regjeringa stadfestar at alle skulane opnar frå måndag

Grunnskular og vidaregåande skular opnar igjen neste veke, stadfesta regjeringa torsdag ettermiddag.

– Så langt det lèt seg gjere, skal elevane få ein mest mogleg normal skulekvardag tilbake neste veke, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

– Alle dei helsefaglege råda vi har fått, tilseier at det er trygt å opne skulane for resten av elevane no, så lenge smittevernreglane blir følgde. Det kan bety at ikkje alle elevane kan vere på skulen samtidig, men det er viktig at skulane strekk seg langt for å gi eit godt skuletilbod, seier ho.

Ho seier det kan vere behov for å gjere lokale tilpassingar.

Tilråding om heimekontor blir mjuka opp

Tilrådinga om heimekontor gjeld no berre bedrifter som har for tronge lokale og tilsette som er avhengige av kollektivtrafikk.

I den nye tilrådinga blir det slått fast at arbeidsgivarane bør sikre at dei tilsette kan halde ein avstand på minst éin meter i heile arbeidstida.

I område av landet der dei tilsette er avhengige av å bruke offentleg transport, blir arbeidsgivarane oppmoda til framleis å leggje til rette for heimekontor og elektronisk møteverksemd i så stor grad som råd og med fysisk frammøte berre når det er nødvendig.

Dette gjeld særleg i Oslo-området og i andre byar med press i kollektivtrafikken.

Forbodet mot utanlandsreiser for helsepersonell blir oppheva

Forbodet mot utanlandsreiser for helsepersonell blir oppheva. Det stadfesta regjeringa på pressekonferansen om den gradvise gjenopninga av samfunnet torsdag.

Der kom det òg fram at utanlandsreiser framleis blir frårådde, og at personar som har vore i utlandet, må i karantene ved heimkomst.

– Fordi vi har lukkast i å slå ned smittespreiinga kan vi opne samfunnet igjen. Når vi no løyser opp på tiltaka, føreset det at vi beheld kontrollen på smitten, med auka testing, isolering, smittesporing og karantene, seier Høie.

Befolkninga må vere førebudd på at reisekarantene kan vare over sommaren. Karanteneplikta blir endra måndag frå 14 til 10 døgn.

Meir enn éin av fire studentar kan vende tilbake til lærestaden

Studentar som må ha fysisk tilgang til lærestaden, skal få tilgang. I tillegg ber statsråden studiestadene planleggje for vanleg studiestart.

– Ein stad mellom 25 og 30 prosent av studentane kan komme tilbake, kunngjorde forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) på ein pressekonferanse torsdag.

Studentar som må ha fysisk tilgang til lærestaden for ikkje å bli forseinka i utdanninga si, er dei som no får tilgang til lærestadene.

At ikkje fleire studentar får tilgang, grunngav Asheim med at studentane har ei friare form for utdanning og kan nytte digitale løysingar. I tillegg ønskjer regjeringa å unngå at studentane legg ekstra press på kollektivtransporten.

I tillegg kunngjorde statsråden at regjeringa håpar på ordinær studiestart til hausten, og ber fagskulane, høgskulane og universiteta planleggje for dette.

Tillate med 20 personar samla i grupper

Det blir no blir tillate å møtast i grupper på 20 personar, opplyser regjeringa.

– Det betyr at vi no kan starte planlegginga av 17. mai-frokost med fleire enn dei du bur med, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) under pressekonferansen til regjeringa torsdag.

Vi må framleis halde ein meters avstand, men det blir fint å kunne møtast fysisk igjen, sa han vidare.

På offentlege arrangement er det tillate med 50 personar, og frå 15. juni blir det tillate med 200 personar på slike arrangement. Ropstad seier at det er nødvendig med strengare tiltak for private arrangement.

– Samlingar privat kan ikkje regulerast på same måte. Risiko for smitte er høgare, sjølv om smittereglene gjeld, sa han.

Regelen om at ein kan vere 20 personar samla gjeld òg for organisert idrett, og regelen om 50 personar gjeld for idrettsarrangement.

Familieparkar og serveringsstader utan matservering får opne 1. juni

Regjeringa legg opp til at det meste som har vore stengt under koronakrisa, skal vere opna til 15. juni. Familieparkane får opne 1. juni.

Statsminister Erna Solberg (H) sa torsdag at familieparkane får opne igjen 1. juni. Det same får serveringsstader utan matservering.

Det er eitt av stega i gjenopninga av Noreg etter nedstenginga i midten av mars. Fire dagar seinare blir det opna opp for arrangement med opptil 200 personar.

– Målet vårt er at vi 15. juni vil opne det meste som har vore stengt, sa Solberg

Opnar for arrangement med 200 deltakarar frå 7. juni

Regjeringa vil heve maksgrensa for deltakarar på arrangement frå 50 til 200 frå 7. juni.

I tillegg vil regjeringa månadleg vurdere om grensa skal hevast frå 200 til 500 kvar månad, men det vil ikkje skje før 1. september, skriv regjeringa i strategidokumentet sitt.

Frå 7. mai er det tillate med arrangement på opptil 50 personar. Det vil seie at mange kinoar, teater og andre kulturinstitusjonar kan opne igjen.

Frå 15. juni blir dørene opna til treningssentera

Treningssentera i landet kan opne 15. juni, så sant helsestyresmaktene og bransjen saman har komme fram til forsvarlege smitteverntiltak.

Regjeringa påla 12. mars alle treningssenter å stengje dørene under virusutbrotet.

Men 15. juni kan manualar og treningsutstyr igjen komme i bruk etter at regjeringa torsdag informerte om at intensjonen er å opne treningssentera – så sant helsestyresmaktene i samarbeid med bransjen har komme fram til forsvarlege smitteverntiltak.

Badeland og symjehallar opnar frå 15. juni

Badeland og symjehallar kan opnast for publikum frå 15. juni dersom helsestyresmaktene og bransjen saman har kome fram til forsvarlege smitteverntiltak.

14 dagar tidlegare, 1. juni, blir det opna opp for organisert symjing, inkludert skulesymjing.

Dette er nokre av punkta i tidsplanen for nedbygging av dei mest inngripande tiltaka i samband med koronapandemien, som vart lagt fram av regjeringa på den daglege pressekonferansen om koronasituasjonen torsdag.

– Målet er at flest mogleg aktivitetar og verksemder som har vore stengde, kan opne før sommaren. Dette føreset at vi framleis har kontroll på smittesituasjonen, seier statsminister Erna Solberg.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags