Gå til sidens hovedinnhold

Sjå video frå Eva og Tor-Bjarne sitt sommarhus på Borgundøy

Gamlehuset på Dyrnes er sommarhuset til Eva og Tor-Bjarne Tofte. Dei kjøpte huset for 25 år sidan. Slik fekk familien frå Stord eit sommarhus på Borgundøy. Dei har vølt og restaurert huset – ute og inne – og har i mange år hatt sommarlivet sitt her.

Det er skrive bøker og måla bilde i Gamlehuset på Dyrnes. Det har vore gode frukostar i milde sommarmorgonar, med ope glas og surrande bier. Ungar har leika, og dørene har vore ope for folk som kom på besøk. Gamlehuset er eit sommarhus som mange er glade i, og som Tor Bjarne seier: «Etter kvart som ein vart kjend med huset, så vart ein både meir glad i det og fekk meir respekt for det».

Bygget er typisk empire. Midt på 1800-talet, då bonde-empiren kom inn, vart dette huset bygd. Det har midtgang, kjøken, kammers på sida og sal oppe. Vindauga på sørsida har hengsler på midten, fordi dei er utsette for vind og vêr. På nordsida er alltid den eldste bordkledningen og dei eldste vindauga fordi det her er minst drev. På sørsida er det anna farge på målinga og trenaglar.

Sjå video frå huset på Dyrnes på Borgundøy øvst i saka, og opplev gamlehuset – eller sommarhuset – til Eva og Tor-Bjarne Tofte. Det er historia om ein familie som tek godt vare på eit kjært kulturminne, – og ikkje minst, gamlehuset på Dyrnes tek godt vare på familien!

Bildeserie

Sjå bildeserie: Karolina (6) prøvde marimba då kulturskulen hadde open dag

Kommentarer til denne saken