– Denne kometen har ei bane som gjer at han kjem inn ovanfrå jorda. Den er dermed lengst nord på himmelen, ikkje så langt unna Polarstjerna, seier pressekontakt for Norsk astronomisk selskap, Tor E. Aslesen.

Den grøne kometen ved namn C/2022 E3 (ZTF) er på veg mot Noreg og vil bli synleg på nattehimmelen.

– Om ein ønskjer å få eit glimt av han, skal ein sjå i nordaustleg retning på himmelen. Allereie rundt den 30. og 31. januar kjem lysstyrken hans til å bli forsterka. 1. februar skal han vere nærast jorda.

Tilrår kikkert

Kometen består av eit karbonsamband. Når han blir treft av det ultrafiolette lyset til sola oppstår fargen. Forsterkinga oppstår når han nærmar seg sola og jorda.

Aslesen tilrår å bruke ein kikkert om ein vil få eit ekstra godt blikk på han. Samtidig seier han at lysstyrken også kan variere.

Siste sjanse

Kometen har ikkje vore synleg frå jorda på 50.000 år, og astrofysikarar i USA har rekna ut at dette mest sannsynleg blir siste gong ein får høvet til å sjå den, ifølgje Aslesen.

– På grunn av forstyrringar i bana blir han dytta ut. Det er farten på kometen som avgjer dette. Med ekstra fart kan han gå ut av den opphavlege bana si og inn i ei uendeleg. Det motsette kan også skje, at ein komet blir sendt inn i ei bane rundt jorda.

Namnet på kometen er ei nummerering og blir avgjort av når på året han vart oppdaga. Aslesen seier kometen vart fanga opp av eit automatisk apparat og det er grunnen til det noko kryptiske namnet.

(©NPK)