Gå til sidens hovedinnhold

Sjetteklassingar intervjua forfattar

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag hadde Kvinnherad bibliotek «barnebokbad» for første gong saman med 6. trinn på Undarheim skule.

I haust har biblioteket hatt eit samarbeid med 6. trinn ved Undarheim skule og lærar Per Skartland. Elevane har lese «Kampen mot super-bitchene» av A. Audhild Solberg, og dei tilsette på biblioteket har hatt to økter på skulen med klassen for å førebu spørsmål om boka. Onsdag kom forfattaren til biblioteket, og framfor heile klassen og foreldre intervjua elevane Vilde, Oliver og Wictor forfattaren om boka hennar. Eit slikt barnebokbad handlar om å skape medverknad og eigarskap til prosjektet.

Kommentarer til denne saken