Gå til sidens hovedinnhold

Sjøfartsdirektoratet snudde: Boreal får segla igjen

NRK meldte seint onsdag kveld at Sjøfartsdirektoratet likevel gir løyve til at dei over 40 båtane til Boreal får segla, også MF «Matre» i sambandet Utåker–Matre–Skånevik.

Onsdag ettermiddag kom nyhendet om at alle Boreal sine fartøy over heile landet er beordra til kai. Årsaka var at Sjøfartsdirektoratet, etter å ha vore på revisjon i Boreal, inndrog det overordna styringssertifikatet til reiarlaget.

Seint onsdag kveld skriv NRK at direktoratet snudde, og at Boreal sine båtar fekk segla igjen.

Løyvet kom etter at Boreal hadde lagt frem ein plan med tiltak dei skal setja i verk for å få orden på tryggleiksbrota.

– Vi har akkurat gitt beskjed til reiarlaget om at vi aksepterer planen med nokre betingelsar, og at dei dermed kan begynna å gå med fartøya igjen innan kort tid, sa kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NRK.

Kommentarer til denne saken