Flyet ligg no opp ned i sjøen.

Ambulanse er på staden, og dei kan melda om at ulukka har skjedd i samband med avgang.

Det var fire personar ombord på flyet, to menn og to kvinner, og alle er bevisst, opplyser Vest politidistrikt.

Litt før halv fem twitrar Vest politidistrikt at ulukka skjedde i Husavågen i Ølve. Politiet er på staden.

Dei involverte vert frakta til Haukeland sjukehus med ambulansebåt for vidare sjekk.