Sjøfuglplan på høyring

272 SIDER: Framsida til det omfattande høyringsdokumentet ser slik ut.

272 SIDER: Framsida til det omfattande høyringsdokumentet ser slik ut.

Artikkelen er over 3 år gammel

Forvaltningsplanen for sjøfugl i Hordaland har mål om å få truga artar på 1980-nivå innan 2025.

DEL

Fylkesmannen har dermed sett eit ambisiøst mål, særleg med tanke på at det i dei siste tiåra har vore ein markant nedgang i bestanden av fleire artar. Terne og fiskemåse er truga, og artar som steinvendar og tjuvjo er i dag borte som hekkefuglar. Andre artar som skarv og ærfugl har derimot hatt ei positiv utvikling.

Høyringsdokumentet er å finna på fylkesmannen sine heimesider, og ein ønskjer innspel frå kommunar, organisasjonar og grunneigarar. I høyringsdokumentet kan du mellom anna finna detaljert statusrapport for fuglereservata i Hordaland – for Kvinnherad sin del kan du lesa om reservata Raudholmane (søraust for Halsnøy, mot Skåneviksfjorden), Fjæraskjer (nordaust for Fjelbergøy), Hillekalven og Pasholmen (i Klosterfjorden), Terneskjeret (i Høylandssundet, Trollskjeret (i Høylandssundet) og Prestnesholmen (i Kaldestadvågen).

Høyringsfristen er sett til 4. april.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags