Her er kommuneoverlegen sine råd til influensasjuke

Influensasesongen er på topp. Kommuneoverlege Glenn Andrè Opland kjem her med sine råd. (Arkivfoto).

Influensasesongen er på topp. Kommuneoverlege Glenn Andrè Opland kjem her med sine råd. (Arkivfoto).

Mange kvinnheringar har lege heime med influensa den siste tida.

DEL

Kommuneoverlege Glenn Andrè Opland skildrar det ikkje som ein epidemi, men stadfestar at mange er råka av influensa eller såkalla parainfluensa om dagen.

– Det er mange som er sjuke no, ja. Ikkje uvanleg mange for influensasesongar generelt å vera, men du kan seia at sesongen er på topp nett no. Dessutan har ein ikkje treft like godt med influensavaksinen i år som elles, seier Opland til Kvinnheringen.

Han rår likevel folk til å ta influensavaksinen, og særleg sårbare grupper som dei over 65 år, gravide og kronisk sjuke.

– Kva råd har du til influensasjuke?

– Er ein sjuk bør ein ta det med ro, halda seg varm og få i seg nok drikke. Ein må passa på å ikkje smitta andre, så har ein influensa, skal ein halda seg heime frå jobb og passa på hygienen.

– Korleis veit ein at det er influensa ein har?

– For å seia det sånn; om du er i tvil, er det neppe influensa du har. Influensa kjenner ein at ein har. Då vert ein slått ut med hovudpine, feber og muskelsmerter, og då er det ikkje anna å gjera enn å pleia seg sjølv til ein blir frisk, seier kommuneoverlegen.

Artikkeltags