Skodespelaren, SLT-koordinatoren på Bømlo, dramapedagogen i Kvinnherad og husnesingen Stian S. Olderkjær er i gang med eit filmprosjekt som har til mål å få fleire til å stemma ved valet til hausten.

– Eg fann ut at valdeltakinga for fire år sidan berre var 56 prosent. Altfor lite, spør du meg. Viss ein vil vera med å påverka, må ein i alle fall stemma fram dei politikarane ein har tru på. Derfor har eg brukt kreativiteten min til å tenkja ut ein måte å auka interessa for politikk blant unge og andre på, fortel den sprudlande filmskaparen om prosjektet.

Saman med Karl Petter Vårdal i Vårdal Elmedia og Roy Vaulen i Fonna Teknologi, begge bak kamera, går han utradisjonelt til verks med humor, satire og heile seg.

– Kjærleik til kommunen var vel det eigentlege utgangspunktet mitt. Då eg flytta heim igjen etter mange år vekke, viste det seg at den kjærleiken var langt større enn eg var klar over. Endå betre blir det om engasjementet rundt det som skjer blir større. Lokalpolitikken kan vera ein rett stad å begynna. Her blir det tatt mange viktige avgjerder som vedgår oss alle.

Moro på rådhuset

Olderkjær spelar alle dei sju rollane i filmserien. Han reiser rundt i bygdene og snakkar med folk om det eine og andre som gjeld lokalsamfunnet. Nyleg var han i rådhuset og snakka med fungerande ordførar Hans Inge Myrvold. Der troppa han opp som «Amelie Johnsen frå PR-firmaet Kommune-cation Xpertize», også kalla KCXP. Fint skal det vera. Ærendet hans, eller hennes, var å selja inn gode idear til korleis ein kan gjera utkantskommunen Kvinnherad til ein «innkantskommune».

– Myrvold var heilt med på notane, så dette var moro, fortel Olderkjær.

Elles fortel han om humor, satire og litt harselas om problematikken rundt indre og ytre luten, politisk skuggespel, bompengar, vindmøller og «nettrollet Torfinn», for å nemna noko av det sjåarane får oppleva eit skråblikk på.

Presentasjonar

Til den meir seriøse delen av serien høyrer at i kvar episode får eit politisk parti to minutt til å presentera seg på. I samarbeid med Kvinnheringen vil filmteamet òg arrangera ein politisk debatt med alle partia litt før valdagen. Denne blir interaktiv på den måten at sjåarane kan stilla spørsmål undervegs i sendinga. På sjølve valdagen blir det ny direktesending frå eiga valvake med ny vri. I kvar episode vil det bli konkurranse med premiar for sjåarane.

– Oppsummert er formåla med serien å skapa engasjement, interesse og debattar rundt lokale saker, dessutan å gjera veljarane kjende med lokale politikarar og partia, seier filmskaparen.

På kvinnheringen.no

Olderkjær og medhjelparane hans lagar i alt 12 episodar, kvar på rundt 10 minutt. Desse vert publiserte på Kvinnheringen si nettavis frå 1. august til valdagen 9. september, truleg med to episodar i veka.

Produksjonen er støtta av SR-bank, kommunen, Husnes Storsenter og Kvinnheringen. Mykje av jobbinga skjer på rein dugnad.

– Først og fremst er dette eit kjærleiksbrev til kommunen. Det håpar vi blir godt mottatt, helsar Stian Olderkjær.