Skal ha brann-øving i Halsnøytunnelen

Onsdag 3. juni skal redningsetatane ha øving i Halsnøytunnelen. Dette bildet er frå ei øving i januar 2018. (Arkivfoto).

Onsdag 3. juni skal redningsetatane ha øving i Halsnøytunnelen. Dette bildet er frå ei øving i januar 2018. (Arkivfoto).

Onsdag 3. juni blir Halsnøytunnelen heilt stengd frå klokka 19.35 til 21.30.

DEL

Det melder Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

– Det er viktig at vi trener regelmessig saman med redningsetatane. Skulle det skje ein tunnelbrann skal vi saman med naudetatane handla raskt i ein redningsaksjon. Det er viktig at trafikantane følar seg trygge når dei køyrer gjennom våre tunnelar, seier brannvernleiar Helge Gilberg i Vestland fylkeskommune.

Under øvinga blir trafikken styrt i tidsrommet frå kl. 19.00-22.00. Det betyr at trafikken blir dirigert med ledebil frå klokka 19.00 til 19.35 og frå klokka 21.30-22.00. Tunnelen vil bli heilt stengd frå klokka 19.35 til 21.30.

Alternativ omkøyring frå nord: Frå Sunde fv. 48 til ferjesambandet Årsnes-Gjermundhamn. Fv. 49 sørover til ferjesambanet Skjærsholmane – Ranavik til Halsnøy.

Alternativ omkøyring frå sør: Frå Sunde fv. 500 og fv. 548 til ferjesambandet Utåker-Skånevik. Fv. 48 til E134 i Stordalen og fv. 543 til Ølensvåg.Fv.543 til ferjesambanet Utbjoa -Sydnes og til Halsnøy.

Det kjem opplysningsskilt i Austrepollen, før Halsnøytunnelen og på Skjærsholmane ferjekai.

I samband med øvinga vil det bli synleg teaterrøyk på utsida av tunnelen, står det til slutt i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken