Gå til sidens hovedinnhold

Skal setja 678 vaksinedosar denne veka: Melder om ledige timar for 1. dose på Husnes

I ei Facebook-oppdatering frå Kvinnherad kommune står det at kommunen denne veka skal setja 678 vaksinedosar. Denne veka blir det berre vaksinering på Husnes.

Måndag var det mange ledige timar for dei som ikkje har fått 1. dose endå, så kommunen oppmodar alle dei som ikkje har fått vaksine om å bestilla seg time i Remin.

Du kan òg ringa koronatelefonen for vaksine, på tlf. 908 60 166, melder kommunen.

Kommentarer til denne saken