Staden er Kulturhuset Husnes, datoen torsdag 12. januar.
«Kanskje vert eg plutseleg råka av demens eller alvorleg sjukdom? Kva skjer den dagen eg treng assistanse for å ordna opp i sakene mine? Kven skal få fullmakt til å disponera kontoane mine, betala rekningane eller ordna opp i gjelda mi, osv.? Dette kan eg avklara og bestemma på førehand, dersom eg skriv ei framtidsfullmakt», skriv Kvinnherad Senioruniversitet i ei pressemelding som òg inneheld dei naturlege oppfølgingsspørsmåla:
Men kva er ei framtidsfullmakt? Kvifor treng vi det? Kven skal ha den? Og er det vanskeleg å laga ei slik, eller kan eg greia det sjølv? Kor finn eg eventuelt hjelp?
«Dette er spørsmål som Synnøve Handeland vil ta opp på neste møte i senioruniversitetet. I tillegg vil ho ta ein rask gjennomgang av dette med arv, arvereglar og testament. Det kom ein ny arvelov i 2021. Korleis er det no med arveavgift? Kva feller må ein unngå når ein skriv testament eller framtidsfullmakt? Og korleis er no reglane for å gje heile eller delar av arven i gåve til nokon utanom familien?»
Senioruniversitetet slår fast at svært mange truleg treng råd om desse temaa, og at eit lite «grunnkurs» i trygg handtering kan koma godt med.
Synnøve Handeland er utdanna jurist med allsidig erfaring, og eit fagmenneske på feltet.
Til slutt i pressemeldinga lokkar senioruniversitetet med sosialt samvær og enkel servering i Festsalen: «Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til å møtast om eit aktuelt emne ein torsdag føremiddag».
