Det skriv sektroleiinga i Kvinnherad kommune på kommunen sine heimesider.

Elevar frå 1. trinn på barneskule til vidaregåande-elevar skal no testa seg, og det skal skje innanfor 24 timar før dei går på skulen første dag etter juleferien.

Elevane skal ikkje henta testane sjølv på helsesentra.

"Alle skulane i Kvinnherad har fått testar som dei skal levera ut til elevane. Skulane kjem til å senda informasjon ut til foreldra om kva tid og kor dei får henta desse testane. Vi ber derfor om at alle følgjer med på Visma-meldingar frå skulen sin" står det mellom anna.

Vidare skriv Kvinnherad kommune at dei tilsette i barnehagar og skular også får utlevert testar på arbeidsplassen, og heller ikkje dei skal henta på helsesentra.

KVV melder på Facebook at dei, i samråd med kommuneoverlegen, har valt å organisera testinga slik at alle testar seg i starten på 1. time på måndag.