Skarsklyp sikra av sherpaer

SOLID ARBEID: Slik ser det ut ved Skarsklyp etter at sherpaene har gjort sitt. foto: Kåre Eik

SOLID ARBEID: Slik ser det ut ved Skarsklyp etter at sherpaene har gjort sitt. foto: Kåre Eik

Av

Det farlege Skarsklyp på den T-merkte turvegen mellom Kletta og toppen av Melderskin, er no sikra av sherpaer frå Nepal.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Sherpaene har gjort eit utruleg godt arbeid med store steinar i eit skikkeleg brattheng, rosar Kåra Eik i Turgruppa til Rosendal Turnlag.

Turgruppa engasjerte sherpaer til å laga ny veg forbi det rasutsette Skarsklyp. Etter at fire sherpaer har halde på i tre veker er jobben gjort. Turvegen er lagt i ei flott steintrapp utanom det farlege partiet. Dermed er det blitt langt tryggare å ferdast i området.

– To av sherpaene blir her éi veke til for å knyta den nye traseen saman med den gamle, fortel Eik som er imponert over arbeidet.

– Sherpaene er eit heilt spesielt folkeslag med stor lungekapasitet, stor hjartekapasitet og solide musklar. Det finst neppe nokon som kan måla seg med dei, legg han til.

Så godt arbeid har sherpaene gjort i fjellet i Rosendal, at Turgruppa vurderer å leiga dei inn til nye oppdrag på eit seinare tidspunkt.

– Vi har forskjellig i tankane, blant anna noko arbeid som burde vore gjort på Malmangernuten og Skålafjell, men det blir ikkje i år, seier Eik.

Pengar til landsbyen

Kåre Eik fortel at alt er i orden med løns- og arbeidsvilkåra for dei fire sherpaene frå Nepal. Rosendal Turlag kjøper tenesta hos fjellbonden Geir Vetti i Sogn. Han har sjølv brukt sherpaer til å byggja opp igjen ein gamal gard, og han formidlar no andre oppdrag for dei flinke arbeidskarane.

– Vetti har arbeidsgjevaransvaret og betalar dei tariffløn, medan Rosendal turnlag får faktura frå Vetti, der alt er som det skal vera, seier Eik.

Sherpaene er frå den jordskjelvråka fjellandsbyen Khunde i Nepal. Om lag 90 prosent av husa der vart meir eller mindre øydelagde av jordskjelva i april og mai i år.

– Løna går faktisk til landsbyrådet i Khunde, som brukar midlane til å byggja opp igjen landsbyen etter dei store øydelegginga, fortel Eik.

Arbeidet som er gjort innunder Melderskin er finansiert av ei gåve på 150.000 kroner frå Sparebank 1-Stiftinga, dessutan av bidrag frå bedrifter og private og av Turgruppa sine eigne oppsparte midlar.

– Eg synest vi har brukt pengane fornuftig. Her er det mange som får glede av det flotte arbeidet som er gjort i fjellet.