Søte påskekyllingar

Nydelege påskekyllingar: Sander (i blått), Adele, Hedda, Erling og resten av 3. og 4. klasse var heilt i hundre over dei levande påskekyllingane som kom til verda onsdag.

Nydelege påskekyllingar: Sander (i blått), Adele, Hedda, Erling og resten av 3. og 4. klasse var heilt i hundre over dei levande påskekyllingane som kom til verda onsdag.

Artikkelen er over 5 år gammel

3.- og 4.- klassingane ved Skarveland skule vart mildt sagt betatt då dei kom på skulen onsdag morgon.

DEL

I løpet av natta hadde ni små gule vedunder klekt ut av egga som har ruga i klasserommet den siste tida. 3.- og 4.-klassingane ved Skarveland skule var heilt himmelfalne då dei fekk halda dei søte små nøsta i hendene.

— Ver forsiktige! Ikkje ha dei ute for lenge om gongen. Dei toler ikkje å frysa. Og så kan dei bli redde, formana elevane kvarandre.

— Og ver snill og ikkje bruk så mykje blits, det er ikkje bra for kyllingane, fekk Kvinnheringen sin utsende beskjed om av dei påpasselege kyllingpassarane.

Vil kjøpa dei

Det er Trine Hjelmeland, som for tida jobbar ved skulen, som har tatt med seg kyllingegga. Tradisjonen med å la dei ruga og klekkja under ungar sitt oppsyn, har ho tidlegare gjennomført i mellom anna Omvikdalen barnehage der ho jobba før. Ungane på Skarveland skule hadde elles ikkje vore med på den kjekke påsketradisjonen før.

— Kjempegøy med kyllingar. Dei er heilt nydelege, gliste Skarveland-elevane.

— Kva skal skje med kyllingane etterpå?

— Då skal Trine ta dei med seg heim igjen, fortalde 3.-klassingen Andreas med eit sukk.

— Eg skal kanskje kjøpa den eine, om eg får lov av mamma, kunne Sander i 4. klasse for- telja.

— Eg òg!, runga mange andre røystar i bakgrunnen.

Namn hadde dei høgt verdsette små nøsta òg alt fått. Til og med dei som enno ikkje var kome ut av egga.

— Min er ikkje fødd enno, men det skjer ganske snart. Han ligg der borte i rugekassa. Veit du kva han skal heita? Han skal heita Pip, fortalde Joar i 3. klasse.

Artikkeltags