Skarveland skule snur opp-ned på timeplanen

Jasmin (t.v.) og Amalie i sterk konsentrasjon.

Jasmin (t.v.) og Amalie i sterk konsentrasjon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Temadagar er gøy, men det er ikkje så verst med matte og norsk heller!

Sitatet er frå sjuandeklassingen William idet han driv og steikjer kjøt til hjortegryta som snart skal nytast i beste skuletida.

Det er temadag for alle klassetrinna på Skarveland skule. Temaet er skog, og det skal gå over to heile dagar. Elevane vert blanda og delte inn i fire grupper om gangen. To av desse er ute i skogen ein stad, ei er inne på kjøkenet for å laga god lunsj, og den fjerde lagar flotte insektshotell. I løpet av to dagar er alle elevane innom alle postane.

Skogsgruppene lærer høvesvis om lauvskog og barskog, om hjort og andre dyr i skogane og om ulike planter. Temaet blir vidareført på kjøkenet der hjortekjøt blir omgjort til god hjortegryte.

Kvinnheringen er på besøk idet den eine gruppa er i sving med å førebu hjortemåltidet – under god leiing av lærarane Aina Elise Huse og Margunn Kjærland. Elevane gjer alt arbeidet med oppskjering, steiking og koking og klarer å trylla fram ei veldig god gryte av hjortekjøt, sopp, løk, gulrøter, brokkoli, tyttebær, brunost og crème fraîche, servert med ris til. Ein av dei som kosar seg over grytene er Vetle.

– Eg lagar faktisk ofte mat heime òg. I dag skal eg for eksempel laga kjøtkakar. Å laga mat er gøy, meiner Vetle, som snart skal vera med på kokkekonkurransen for sjuandeklassen, som har skulekjøken som fag annakvar veke.  

Tar vare på insekta   

Ute på skuleplassen er ei anna gruppe i gang med å laga insektshotell. Her er det lærar Gunnvor Ullebust som er arbeidsleiar.

– Vi lagar små hotell der insekt kan bu, forklarer Adele.

Ein annan utdjupar med å opplysa om at det er all utbygginga i byane som gjer at det stadig blir færre insekt i naturen, og at det derfor er viktig å gjera noko for å ta vare på dei. Det er mange måtar å laga slike hotell på. Her brukar elevane små stykke av tynne trestammer, borer hol i dei og ustyrer dei med bambusrøyr og leire. Insekta buset seg i hola og brukar leire til å tetta igjen, slik at ikkje uvedkomande kan ta seg inn. Slike hotell kan ein ha heime i hagen eller andre stader det veks ting. Adele og Maria synest dette er kjekt arbeid og er nokså stolte over hotellet dei har laga saman.

– Vart det ikkje fint, vel?

Artikkeltags