Skattedirektoratet: Ikkje momsfritak i netthandelen

Av

Skatteetaten presiserer at varer handla i utanlandske nettbutikkar, blir påført moms frå 1. april. Varer under 350 kroner blir likevel ikkje sjekka på grensa.

DEL


NTB skreiv torsdag at nordmenn inntil vidare slepp moms på utanlandsk netthandel. Til NTB skriv kommunikasjonsrådgivar Anders Hedeman i Skatteetaten i ein e-post likevel at avgiftsplikta for varer under 350 kroner, vil innførast som planlagt 1. april.

Avgifta skal i utgangspunktet betalast gjennom nettbutikkane. Dette gjeld derimot berre nettbutikkar som er registrerte i VOEC-registeret til Skatteetaten som gjer at vara kan fortollast direkte av nettbutikken.

– Når kundar handlar i nettbutikkar som ikkje er registrerte i VOEC-ordninga etter 1. april, og dette blir oppdaga i rutinekontroll, kan ein risikere at vara blir ilagt moms, og eventuelt fortollingsgebyr til transportøren, ved innførsel, skriv Hedemann i ein e-post.

Varer under 350 kroner er derimot gitt mellombels deklarasjonsfritak. Dermed vil varer som ikkje blir stoppa i rutinekontroll, sleppe moms.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags