Skatteetaten endrar skattereglar på grunn av koronaviruset

Av

Grunna koronaviruset vil ikkje Skatteetaten slå like hardt ned på skattefeil som vanleg.

DEL


– Vi ser på korleis vi kan lempe på ordningane våre for at det skal bli ein handterleg situasjon for store delar av næringslivet. Då har vi særleg sett på bruken av tvangsmulkt knytt til ulike rapporteringsplikter, seier skattedirektør Hans Christian Holte til TV 2.

For mange kan det bli vanskeleg å levere skattemeldinga i tide, ifølgje Skatteetaten. Holte fortel at tvangsmulkt ved for seint innlevert skattemelding for personleg næringsdrivande og aksjeselskap mellombels er stoppa.

– Dette gjer vi fordi vi erkjenner at mange verksemder er i ein krevjande situasjon, seier Holte.

Skatteetaten opplyser at også tvangsmulkt ved for sein levering av mva-meldinga – som blir levert av alle som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret – er mellombels stoppa.

– Sjølv om vi no stoppar tvangsmulkt, oppmodar vi likevel verksemder til å levere mva-meldinga så snart dei får høve, seier Holte til TV 2.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags