No kan du sjekka skattemeldinga

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

4,9 millionar får tilgang til skattemeldinga i dag torsdag. I Hordaland har 281.747 personar fått ein førebels skatt til gode på i gjennomsnitt 11.601 kroner, medan 77.780 har fått ein førebels restskatt på 24.281 kroner i gjennomsnitt.

DEL

Hugs å sjekka at opplysningane stemmer, og fyll ut det som manglar slik at du betalar rett skatt, er oppmodinga frå Skatteetaten.

– Det kan lønna seg å bruke ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørgja for at du har alt på stell. Viss alle opplysningane i skattemeldinga er riktige og alt er tatt med, så treng du ikkje å levera den. Viss du skal endra noko, er dette lett å gjera på nett, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar og 31. mai for næringsdrivande. Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar treng ikkje å levera skattemeldinga. Dei som mottar skattemelding for næringsdrivande har ikkje høve til å nytta seg av ordninga med leveringsfritak og må levera skattemeldinga elektronisk.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags