I dag får mange igjen på skatten

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Skatteoppgjeret er i dag klart for nesten 4 millionar lønnstakarar og pensjonistar. 2,7 millionar får eit gjennomsnittsbeløp på 11.000 kroner igjen på skatten.

DEL

Dei 2,7 millionar skattytarane som har skatt til gode, får til saman 29,2 milliarder kroner tilbakebetalt.

Litt over ein halv million lønnstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betale til saman 10 milliardar kroner, eit gjennomsnitt på 18.300 kroner.

– Skatteetaten har brukt opplysningane som blei levert i skattemeldinga di til å berekna den endelege fastsetjinga av skatt for deg. Viss du har betalt meir skatt enn det som er berekna, betalar vi tilbake overskytande beløp. Viss du ikkje har betalt inn alt du skal, sender vi betalingskrav for restskatt. Slik blir skatten rett, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

For dei som ikkje mottar skatteoppgjeret 20. juni, er det løpande oppgjer mellom 15. august og 24. oktober. Det gjeld blant anna personleg næringsdrivande og deira ektefellar, og lønnstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir. Andre årsaker til at du får skatteoppgjeret seinare kan vera at skattemeldinga di manglar opplysningar, inneheld kompliserte forhold, eller du kan vera tatt ut til kontroll.

Om lag 900.000 skatteytarar får skatteoppgjeret mellom 15. august og 24. oktober.

Artikkeltags