Lukkeleg Martin klar for EM

Martin Femsteinevik imponerte dei to siste dagane i IBU-cupen i Martell. (Akrivfoto: Foto Arne Brunes )

Martin Femsteinevik imponerte dei to siste dagane i IBU-cupen i Martell. (Akrivfoto: Foto Arne Brunes )

Artikkelen er over 2 år gammel

Martin Femsteinevik er teken ut til EM i skiskyting. Laurdag set han kurs mot Polen, før den tid skal han kvila og trena på Hatlestrand.

DEL

Ungdommen frå Hatlestrand er ein av fem utøvarar som er teken ut til EM som går av stabelen i Duszniki Zdroj i Polen frå 25.-29. januar 2016. Dette har vore målet til Martin, og etter solid innsats i IBU-cupen har han blitt ein del av laaet til EM.

I helga skulle Femsteinevik gått fleire renn i IBU-cupen, men dårleg vêr førte til at dette berre vart arrangert ein 20-kilometer. Her vart Martin nest beste nordmann på ein 19. plass, med totalt fire bom.

Då var forholda relativt bra, men kraftig snøvêr gjorde at det vart tungt for dei som gjekk først, og Martin var av dei.

I dameklassen var Ragnhild Femsteinevik nummer 19, og nest beste norske kvinne. Ho skaut tre bom.

Målet

Til Kvinnheringen sa Martin Femsteinevik at han håpa å få plass på EM-laget, men at det var mange om beinet.

– Dette kjennest veldig bra ut og eg følte på mange måtar at eg fortener det, og hadde vore veldig skuffa om eg ikkje vart teken ut. Men det er  mykje som kan skje i ein slik prosess, seier Martin til Kvinnheringen.

– No gjeld det å få opp igjen formen på høgst mogleg og det skal gjerast med ein variasjon av roleg trening og nokre harde økter for å få kroppen til å skjøna at den skal vera på hogget når EM-startskotet går.

Femsteinevik skal ta oppladinga heime på Hatlestrand hos mor og far og småsøskena.

– Det blir nok litt trening på Sjusete, der det er fine snøforhold. Det viktigaste er at eg har gode økter, meir enn å ha ski på beina. Like viktig er det å bruka minst mogleg energi utanom treninga, og det klarar eg best heima. Det har fungert før og eg trur det skal gå bra no igjen. I dagane fram til avreise, som er laurdag blir det mykje tv og avslapping.

Topp 10

– Er du i mål no, eller har du sett deg spesifikke mål i EM.

– Eg har veldig lyst å prestera og gå renn der eg kan gå i mål og seia at dette er eg nøgd med. I år har prestert på relativt høgt nivå, og eg bør ikkje vera langt unna å kjempa om topp 10-plasseringar, seier Martin.

Onsdag 20 er det normal distanse, som Martin skal gå, og to dagar etter sprint, som han og skal gå. Resultata på sprinten dannar grunnlag for jaktstarten dagen etter, og dersom Martin kjem blant die 60 beste får han gå den og.

Kven som får gå stafetten er ikkje bestemt enno.

I EM skal han delta saman med Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL

Vegard Bjørn Gjermundshaug, Alvdal IL

Andreas Dahlø Wærnes, Trondhjems Skiskyttere

Fredrik Gjesbakk, Bossmo & Ytteren IL

I tillegg vert det teken ut ein utøvar til som for tida deltek i World Cup.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags