Lovar snarleg skilting til Kvinnherad

Synnøve Solbakken er lite nøgd med dårleg skilting til Kvinnherad ved E 134 I Etne.

DEL


Solbakken tok problematikken med den dårlege skiltinga opp i Fylkestinget denne veka. Det er no tre år sidan Storedalsprosjektet var ferdig i Etne kommune, det er vegen frå Kyrping til der ein køyrer opp mot Håland til Kvinnherad. Det Solbakken reagerer på er at ein tre år etter at vegen var ferdig ikkje har fått på plass skilt mot eit fylkeskommunalt trafikknutepunkt med ferjesamband og snøggbåt. Det einaste skiltet som står viser til Skånevik. Av den grunn spurde ho fylkesrådmannen om det ikkje kan visast ferjeskilt som viser Husnes (evt. Matre/Utåker), og som viser snøggbåtstopp og skilt til Skånevik fjordhotell. Dette vil vera i samsvar med tidlegare skilting.

Solbakken er klar på at det er viktig at dei reisande får informasjon om avstandar og ulike trafikkpunkt i kommunar og langs fylkeskommunale vegar.

– For næringsliv og reisande i Etne og Kvinnherad er det fare for at manglande skilting reduserer bruken av det viktige ferjesambandet, seier Solbakken.


Må retta opp i det

Fylkesrådmannen svara Solbakken at Etne og fylkeskommunen har vore i møte nyleg, der det var naturleg å drøfta skilting av nytt veganlegg og gammalt veganlegg. Det er vedteken ein skiltplan, og at skilta som er komne opp ikkje er i samsvar med planen.

– Mellom anna manglar det skilting til Husnes og ferjesymbol. Me håpar skiltinga skal rettast opp innan kort tid. Me har ikkje teke opp skilting av snøggbåten. Det er semje om at det er uheldig at det ikkje er kome opp rett skilting i krysset. Statens vegvesen jobbar for å få retta opp i skiltinga snarast.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags